Om eg skulle ynskje meg noko –
Om du bad meg skrive ei liste
over det eg ynskjer meg mest
ville eg skrive
Mindre!
Mindre vald, mindre våpen
Mindre kulde, mindre hat
Mindre egoisme
Mindre narsissisme
Mindre gråt, mindre smerte, mindre frykt
Mindre prating bakom ryggar
Mindre pengar under bordet
(eller over bordet, for den del)
Mindre misbruk, mindre einsemd
Mindre død og mindre sjukdom
Mindre mitt og ditt og hald deg unna
Mindre flytt deg vekk for her kjem eg
Mindre dette klarar eg aleine
Mindre her er det inga hjelp å få
Mindre
så mykje mykje mindre
Dessverre er mindrelistene
mykje hardare å oppfylle enn
meirlistene
Eit vakkert bilde med gode ynskjeord til.
SvarSlettYnskjer deg ein god dag.
Mvh Marie/MT
Så sant, så sant. Fint å lese dikta dine kvar dag!
SvarSlettFlotte ønsker du lister opp...
SvarSlettSå godt skrevet..og til ettertanke.:):)
SvarSlettSkriv under på den..
SvarSlett