Flyge over isen
leggje meter etter meter bak seg
over den spegelblanke ødemarka
kjenne vinden mot kinna
frosten som nappar og bit
høyre stålet sine drag mot frose
vatn
kjenne at du trassar naturlover
trassar tyngdekraft og friksjon
trassar din eigen hang
til å vere i ro
med fast grunn under beina
kjenne at du svevar over djupet
at du glir over noko uhøyrt, noko
stort
vite at det er kulda som held deg
oppe
kjenne at du er på rett stad til
rett tid
kjenne at du er til
Så fint! Eg går ikkje på skøyter, men tykjer eg kjenner korleis det er! GOD SØNDAG.
SvarSlettEg trivst best med fast grunn under meg..
SvarSlettMen vakker kunst å sjå andre sveve..
Flott framstilling!
Fin ny veke til deg og dine!