Vi såg deg – langt langt
borte
som ein prikk
på det store store
havet
Vi smilte og vinka
men såg ikkje om du
vinka tilbake
Kanskje gjorde du det
Kanskje lurte du litt
på kven vi er
Vi hadde så mange
spørsmål
og var så spente på å
sjå deg.
Det var så mange dagar
vi ville dele
Så mange songar vi
ville synge
til deg.
Men du reiste att – og
vi vart aldri kjente
Den vesle prikken på
havet vart mindre og mindre
Til den forsvann i
synsranda
Vi stod tomme tilbake
med alle spørsmåla våre
Og veit at vi aldri, aldri, kan gløyme deg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar