lørdag 2. desember 2017

Eit lys i verda #2



i dei tunge gatene vandrar menneskekroppane
som ein elvestraum, eit glidande tog

forbi glitrande utstillingsvindauge og varme kafear
der slitne menneskekroppar kan sitje og kvile;

finne att seg sjølv under vinterhuda
kjenne hjartet slå seg veg gjennom tida


fredag 1. desember 2017

Kvinne i parken



den kjente benken
som før var akkurat så passe stor
akkurat så passe passe
for to å sitje på
halde rundt kvarandre
og kjenne varmen frå smila
bre eg gjennom kroppen
stengje ute vinterkulda

no er den så stor
som det uendelege havet,
med så mykje ledig plass
at det er berre så vidt
ho ikkje går seg vill
i tida, rommet, benken

som ikkje lenger er ein benk
men ei hemmeleg dør inn
til hennar inste smerte




Eit lys i verda #1



menneskekroppane er ein elvestraum
gjennom gatene i denne frostkalde byen

kalla livet

under tindrande gatelys og regntunge skyer
som snart vil breste, snart

bade i lys

vil armar halde paraplyar, frakkar bli knappa tett
menneskekroppane søke ly under betongframspringa