1
ein stad å kvile
auga, feste
mot horisonten
lyfte ein tommel,
få ein att
frå styrmannen
og heise segla
når vinden tek;
dette er ei bru i
rørsle
2
her vandrar ei
samling
molekyl
frå dør til dør
over golvet
mot vindauget,
ser utover byen;
eg held dykk
samla,
og de ber meg
- over dette
vatnet
3
kjenne at det
finst
sterkare vindar
enn luft i rørsle
gynge over
avgrunnen
og kjenne seg
trygg;
det er stødige
konstruksjonar
kjenne at smidige
molekyl
er mindre enn det
som held meg oppe