Viser innlegg med etiketten DHA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DHA. Vis alle innlegg

mandag 18. mai 2015

Orda i vinden



i kveld kviskrar livet sjølv
dei orda som svevar med vinden

der buskene bøyer seg, trea svaiar
graset legg seg i age

eg legg meg på kne, opnar hjartet
let Guds pust fylle alle kammer



mandag 12. januar 2015

Der det usynlege lyfter


der det usynlege lyfter
som i eit famntak
du aldri får sjå

store hender, større enn dine
rører ved verda
og lyfter det urokkelege

du veit ikkje kor det kjem frå
eller kor det vert av
anna enn - vidare

innover i dette landskapet
lenger innover
i deg

og det usynlege lyfter
det urokkelege
i hjartet