refleksjonar
av det storslegne,
det
vi menneske kan
bygge
saman – bygge opp
til
noko endå større
så
går vi der
med
våre puslete føter
og
tankar – streifar
innom
i utkanten av
dei
store mysteria; dei verkeleg store
at
hjartet bankar seg fram
gjennom
tida
stødig
og trufast
at
føtene kan flyttast mot eit mål
berre
ved ein tanke
at
lydane vi formar i lufta mellom oss
vert
ståande som bruer
mellom
mitt hjarte og ditt
-
at vi forstår kvarandre –

Interesting reflections!
SvarSlett