søndag 1. januar 2017

Det vanskelege andrediktet


orda krøllar seg
inni fingrane,
strittar imot – nektar
å føye seg inn i rekkene

orda klumpar seg saman
til eit virvar av strekar og buar
- ideen om ord og setningar
vil ikkje bli materialiserte – no;

blyanten ligg stille
arket er tomt
tastaturet er stille i kveld

dette er alt de får


Det vesle mennesket - 3





balansere her
på kanten av stupet

skjelvande bein, stive auge
og tause landskap

setje seg eit mål
noko som er større

noko som kan dra ein opp
frå mørket – og til seg

som ein magnet


lørdag 31. desember 2016

Det vesle mennesket - 2




tankane er fuglar
draumane er vengjer

frå din stad i universet
kan dei lette og fly ut

sirkle om jorda
hente næring i det som er sådd;

ord som ein gong vart forma,
små frø i vårt tynne jordsmonn
mellom magma og det uendelege universet