torsdag 6. desember 2018

Himmelskipet #6

vatn over vatn
og dei store djupa
i menneskehjartet

der er to sider av sjela
den mørke som dreg oss ned
og den andre
som alltid lengtar
etter å bli lyfta av lyset
og falle som regn på dei høge fjella

skiljet er sett frå opphavet
alt sidan har vore balansekunst
vatn til vatn



onsdag 5. desember 2018

Lukketillegg


Himmelskipet #5

lyset
den store eksplosjonen

all energi
som seinare skulle bevege rommet
samla i dette eine ordet
frå Han som sit på trona

så gjekk ordet ut frå trona
fylte tempelet
og skapte eit rom i det tomme

der det ikkje var noko
oppstod eit utteljeleg tal fragment
og fylte denne nye eksistensen



tirsdag 4. desember 2018

Til andre sida


Himmelskipet #4


ein tanke eit ynskje ein plan
ukjent for tid og rom
hos Han som tronar frå æva

eit meisterverk i emning
utan byggherrar eller forskrifter;
eit rom vert til
ei tid vert skapt
substansen vert forma
frå ingenting
            til noko