søndag 12. november 2017
Aleine #1
i stilla oppdagar du tankane
dei kjem som glidande sjøuhyre
over djup du ikkje visste om
Haustmorgon #4
lørdag 11. november 2017
Haustmorgon #3
Haustmorgon #2
trea myser mot lyset
prøver halde det fast
dra det ned
det boblar eit sinne over tap
lauvdrakt og livsårer
borte – eit minne
kveler gleda
låser dei forbitra tankane
inne
Haustmorgon #1
lyset som svevar over bakken
leitar etter fotfeste
i landet det rådde over
før
ei stille fortviling
over vegen det går
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)