eg
puslar saman bitane
av
mitt eige liv,
dei
mørke skuggane
dei
lyse flatene
og
alt som flyt saman
i
kaskadar av lys og farge
eg
puslar meg veg
gjennom
min eigen dag,
set
brikkene ned
der
eg trur dei vil passe
- og
på merkeleg vis
smeltar
dei saman,
endå
fargane ikkje alltid er like
for
eg puslar vegen
eg
må gå,
du
legg dine brikker
ved
dine eigne føter –
kanskje
vi møtes,
kanskje
er det same brettet
vi
byggjer
eller
kanskje ikkje,
det
er mykje som er uvisst
når
ein puslar seg veg
gjennom
livet
(Our world tuesday)