til
dei som kjempar gjennom natta
mot
så mykje større krefter
enn
dei rår med,
dei
som går inn med livet i striden
utan
å nærme seg målet,
men
held ut likevel –
for
kampen er blitt eit mål i seg sjølv,
å
gi opp er det siste ein vil
så
kampen rasar
dag
etter dag
til
dei
eit
oppmuntrande ord
i
natta
til
dei som ventar
bak
stengte dører,
ventar
at nokon skal banke på
opne
og smile
komme
inn att og setje seg
der
dei sat før, seie ord
om
vidareføring, framhald, kontinuitet –
dei
som slepp ut sine tårer
der
ingen ser
og
står som ein bauta i stormen,
endå
innsida er eit bølgjande hav
av
redsle og urolege tankar
til
dei
eit
oppmuntrande ord
i
natta
til
dei som måtte sjå
ankeret
bli heist
lenge
før avgangstida,
dei
som vart gitt opp av tida
og
kjempa meir mot mørket
i
andre sine hjarte
enn
i sitt eige –
dei
som vart fanga
av
den siste haustsola,
og
ført inn i ein annan vinter,
let
etter seg så mange spor
men
ingen som leier attende
til
dei som står ved fotspora
ingen
lengjer kan fylle,
eit
oppmuntrande ord
i
natta