Viser innlegg med etiketten kreft. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kreft. Vis alle innlegg

lørdag 3. oktober 2015

Til dei



til dei som kjempar gjennom natta
mot så mykje større krefter
enn dei rår med,
dei som går inn med livet i striden
utan å nærme seg målet,
men held ut likevel –

for kampen er blitt eit mål i seg sjølv,
å gi opp er det siste ein vil
så kampen rasar
dag etter dag

til dei
eit oppmuntrande ord
i natta




til dei som ventar
bak stengte dører,
ventar at nokon skal banke på
opne og smile
komme inn att og setje seg
der dei sat før, seie ord
om vidareføring, framhald, kontinuitet –

dei som slepp ut sine tårer
der ingen ser
og står som ein bauta i stormen,
endå innsida er eit bølgjande hav
av redsle og urolege tankar

til dei
eit oppmuntrande ord
i natta





til dei som måtte sjå
ankeret bli heist
lenge før avgangstida,
dei som vart gitt opp av tida
og kjempa meir mot mørket
i andre sine hjarte
enn i sitt eige –

dei som vart fanga
av den siste haustsola,
og ført inn i ein annan vinter,
let etter seg så mange spor
men ingen som leier attende

til dei som står ved fotspora
ingen lengjer kan fylle,
eit oppmuntrande ord
i natta