Viser innlegg med etiketten samanheng. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten samanheng. Vis alle innlegg

lørdag 7. desember 2019

Lim oss saman

somme dagar
er sjølve livet litt laust
i kantane

det hadde gjort seg
med litt lim        noko
som kunne binde det heile saman att
til ein heilskap
me kan kjenne oss heime i

nokon
som kan trekke ut hovudlinjene
setje opp ein disposisjon
og peike ut vegen framover
til siste punktum

og vidare