1
Ein gong vart du
tent –
den første
fusjonen
vart knipsa i
gong
for så mange år
sidan
at det for oss er
umogleg
å fatte (utan å
få eit snev av angst)
og hydrogena
fortset å smelte saman
og smelte saman
og smelte saman
i eit tempo umogleg
å sjå for seg
likevel er det
nok
seier dei
til nokre
milliardar av år endå –
kor stort er
eigentleg
1,3 millionar
jordklodar,
viss nokon kunne
forklare
meg
det?
2
Og jorda snurrar
mot æva,
i sin runddans
rundt sola
og seg sjølv,
med eit mål i
sikte: lausriving
men endå er sola
for stor,
og farten for liten
til å stoppe rundgangen
og glad er eg
for det –
eg har på ein
måte vant meg til
at sola, og eg
står opp i lag
kvar morgon –
3
For 499 sekund
sidan
fauk fotona eg
ser av garde
i sine rette,
bølgja partikkelrørsler
på veg mot det
store universet
Ingen har tal på
strålane
varmen eller
energien,
men sidan vi veit
at sola har
12 000
gongar så stor overflate
som jorda …
… er det fortsatt
umogleg
å førestille seg
talet
men at det er
høgt
det forstår vi
og sidan jorda er
ein liten prikk
langt der ute
(sett frå sola)
er det ein veldig
liten prosentdel
som faktisk treff
vår klode
Likevel er det nok
til å varme kalde hender
og nok til å smelte isen
og nok til å skape maten
på frukostbordet mitt
og eg tenkjer –
kor stor må ikkje
den vere
som kan knipse i
gong
noko slikt?