Nokre gongar
ynskjer eg meg vekk,
at eg kunne bli
ein straumimpuls,
krype inn i
leidningsnettet
og sveve av garde
fem meter over
bakken
så langt det let
seg gjere
Ved vegs ende
skulle eg stige av,
materialisere meg
på denne nye staden
som ikkje kjenner
meg
ikkje veit noko
om meg,
ikkje har nokre
merkelappar feste ved meg
og starte på nytt
Samtidig veit eg
at det ikkje er så smart,
for ein kan
alltids ynskje seg endå lenger vekk
same kor ein dreg,
og same kor eg er
må eg vere meg
sjølv
og hanskast med
dei same tinga
(sidan det oftast
er meg sjølv eg vil rømme frå)
Difor står eg
her, ser med lange auge
på linjene som
leier vekk
Sukkar
endå ein gong
og snur meg
tilbake, til mitt eige landskap
der eg får klare
meg som best eg kan –
"Nissen" blir vel som oftast med på lasset er eg redd!!
SvarSlettMen flott tekst og tankerekke :-)
Ja, tenk om man kunne!
SvarSlettFin tekst og tilhørende bilde!
Idyllic shot with enjoyable prose♪ http://lauriekazmierczak.com/catching-the-melt/
SvarSlett