Det er ikkje så lett å halde tritt
med korte føter og korte steg
og si eiga fart
i ei verd som verkar gå så fort
at det er vanskeleg å henge med
Det er ikkje så lett å halde tritt
når folk snakkar ein meter
over hovudet på deg
og tenkjer at du ikkje forstår
- endå du står der og veit
Det er ikkje så lett å halde tritt
med ein kropp som endrar seg
dag for dag, veks
nesten ut av seg sjølv
og alt den møter er for første gong
Det er ikkje så lett å halde tritt
for oss andre heller, vi
som skal passe på og vakte,
for plutselege innfall og ville idear
er heilt naturlege for deg
Det er ikkje så lett å halde tritt
med tida, heilt generelt
når eg sit her og blar i bileta mine
og ser kor liten du var og kor stor du er
og forstår – snart spring du ifrå meg

Et skikkelig flott B&W bilde, utmerket komponert!
SvarSlettHer finner du min nye B&W Blog: http://hanshb.wordpress.com/
Nei det er ikke lett å holde tritt med denne jenta heller.
SvarSlettNydelig bilde og tekst.
Flott komponert!
Ha en fin helg!
Nei, å holde tritt er vanskelig.
SvarSlettherlig bilde og deilige ord.
Ha en fin kveld.
Mormor
http://www.starbear.no/mormor/2014/01/17/broytingplowing/
Excellent photo. You've caught the movement well.
SvarSlettGorgeous view of this little one on the move. Love the swirl of her curls.
SvarSlettWell captured!
SvarSlettINGENTING slår slike småtroll :-)
SvarSlettLivet går videre.
Very lovely photo of this little girl! Great perspective!
SvarSlettCutie!
SvarSlettHerlig motiv, utsikt i en stor verden....
SvarSlettSå söt!!
SvarSlett