tirsdag 5. desember 2017
Eit lys i verda #5
over alt og alle blenkjer stjerna, ein stille vegvisar
for dei som lyfter hovudet, går
mot straumen av menneskekroppar
og heilt fram dit stjerna over byen viser veg
mandag 4. desember 2017
Eit lys i verda #4
midt i byen
lyser stjerna
over alle hovuda
og føtene og kroppane
som hastar
av garde
med armane fulle
midt i det travle livet
sender det sine strålar
frå æve til æve
og lagar ein veg
frå der vi står – i vår kvardag
via ein stall, eit kors, ei grav
og like inn i himmelriket
søndag 3. desember 2017
Eit lys i verda #3
bakanfor dette
og over dette
og bortanfor straumen
av generasjonar på rekke etter rekke
blenkjer det ei stjerne
over ein stall
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)