vi
vender stadig attende
til
både glede og tårer
trangsynte
tankar, vidsynte blikk,
gater
som opnar seg
gater
som stengjer,
luftige
draumar
harde
realitetar;
livet
er i det heile som ein karusell –
det
går opp, det går ned
og
alt vi verkeleg kan vite
er
at vi ein dag gjekk på
- og
at vi ein dag skal gå av –
resten,
korleis turen vil arte seg
kan
vere så ymse
(fredagstema. Bildet er frå Vidampark, i Budapest, og er teke i 2005. Fornøyelsesparkar og gode ferieminner er kjekt begge delar!)
