Viser innlegg med etiketten fyrverkeri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fyrverkeri. Vis alle innlegg

mandag 14. oktober 2013

Verdt ein fest



eg har aldri eigd mitt eige
fyrverkeri
har vel aldri sett poenget –
det er så mange som har,
nok å sjå, likevel
er det fascinerande å tenke på
at ei lita ladning med krut, så svart
og illeluktande
kan bringe fram slike fantastiske fargar
(og lydar for dei av oss som likar slikt)
og eg tenkjer…
tenk om alle dei som eig krut
(og då meiner eg alle)
hadde laga fyrverkeri av alt saman
(og då meiner eg alt)
og skote det opp – til glede for folket

då kan eg love ein ting;
då skal eg kjøpe ein rakett
(ja, ein liten og enkel ein, altså)
og sende den opp,
for det ville vore verdt ein aldri så liten
fest!


(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Feiring)