Det store dyret var
ikkje temt,
viste det seg,
det var berre vi
rundt som trudde det
og som hadde
tulla oss inn i ein tanke
om ein tilstand
av harmoni
utan grunnlag,
viste det seg
då det store
dyret reiste seg på bakføtene
og brøla
(eg kan endå
kjenne holrommet
etter hjarteslaga
som mangla)
og spora førte
inn på framand territorium
der dyret ikkje
hadde noko å gjere
Det er så lett å
sitje her og rope:
Gå tilbake, trekk
deg vekk,
vi ynskjer berre
fred,
vi ynskjer å bu i
husa, gå på arbeid
drikke kaffi med
naboen,
sladre over
gjerda, spele fotball i gata
surfe på
internett
lese vekeblad hos
frisøren
og alle dei tusen
andre kvardagstinga
vi gjerne ikkje
vil miste –
Ja, det er lett,
for det er sant
Og det er lett,
for ropet kostar
ingenting,
men vi fryktar
ja, vi fryktar
at det snart vert
dyrare rekningar å betale
og at livet vil
verte endra
for alltid –
når det store
dyret vaknar frå dvalen
og trakkar over
våre grenser
og brøler utanfor
stovedøra vår
og vi ikkje har
anna val enn å opne
eller
få døra slått inn –#Ukraina
I dag les eg nyhende frå Ukraina med ein vond klump i magen. Og eit stadig veksande sinne: Kan ikkje Kreml - med tanke på kor mykje liding dei har påført folket i Ukraina dei siste hundre åra - berre halde seg unna og la Ukraina styre seg sjølv? Vi treng ikkje nokon ny Stalin. Vi treng ikkje nye overgrep. Vi treng ikkje nokon ny krig.