mandag 3. desember 2018

Himmelskipet #3

det tomme rommet
ei utfordring for tanken

det tomme rommet
der ingenting finst,
eit elastisk mørke
utan substans
utan fylde
utan atom

ikkje ein gong ingenting
finst i dette rommet
som ikkje vart til
før ein høgare vilje sa orda
som skapte


søndag 2. desember 2018

Himmelskipet #2

i det høge
bak den usynlege veggen
ingen kan trengje gjennom
står det heilage tempelet
som ein gong vart vist
til menneska

våre bleike kopiar
skal ein gong smuldre vekk
men det heilage tempelet
står frå æva
og til æva
fylt av stråleglansen til
Den Høgste


lørdag 1. desember 2018

Himmelskipet #1

ein æveleg bustad er vår Gud
ingen kjenner grensene
for ein forstand utanfor
            våre eigne grenser

i det uendelege
der tida ikkje eksisterer
finst Ein som ikkje kan skildrast
eller endrast
av våre avgrensa tankar, kjensler
og ord

eit fjell som ikkje kan rokkast
eit lys som ingen kan sjå –