Eit
tenkjande trafikklys
som
berre ynskjer godt –
for
alle –
og
blinkar grønt på grønt
på
grønt
og
smiler – berre køyr!
Vel
–
Det
er så greitt å seie ja,
gjere
alle mann til lags
Seie
ja og ja og ja og ja
til
kreti, pleti og dei andre,
vere
ven, ei støtte gjennom alt,
eit
lys som blinkar – berre køyr!
Kven
ynskjer vel å vere
eit
kløpulver på verdas rygg?
Strø
salt i sår, slå bommar opp
og
seie nei, nei, nei –
David,
du er mannen,
sa
Natan, hans profet
-
skjønt det hadde vore lettare
å
seie – berre køyr!