heile
skogen står i vegen
alle
fjella er ein mur
heile
flokken kjem susande inn
fyller
himmelen frå rand til rand
eg
får knapt puste
kjenner
hjartet mitt banke vilt
når
eg ser alle desse, heile denne
flokken;
men
inni der
bankar
det eine hjartet,
flyt
det eine par vengjer på vinden
i
si eiga verd
hadde
eg møtt auga
kjent
varmen frå dette eine hjartet
hadde
eg kanskje tenkt annleis
det
er så vanskeleg å hugse
at
ein heil flokk
består
av slike som meg sjølv
