kvar dag legg me liva våre
i andre sine hender
alt som kan skje
og aldri skjer
er ei gåve
frå alle som let oss sove i fred,
alle som let vere å dytte
når me møtes
alle som køyrer etter trafikkreglane
og som me kan sjå passere
utan problem
alle som let vere å spenne bein,
alle som smiler
og seier gode ord
og lyfter oss opp over skydekket
dei som er rundt oss
og lever liva sine i dei same draumane -
det er dei som har liva våre
i sine hender
og som regel
ligg det trygt akkurat der