Viser innlegg med etiketten KRIK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten KRIK. Vis alle innlegg

lørdag 16. november 2013

Lydhav



eg kjenner rytmane dundre
gjennom kroppen,
som ei elv av undertonar, ein vibrasjon
som breier seg via golv og vegger,
strekk sine lange, mjuke armar
inn i øyrene mine
og ristar i gong ei sjokkbølgje av velbehag,
frå trommehinnene og heilt inn
i dei inste hjernevinningane,
der dopamin og endorfin strøymer fram
som tsunamibølgjer, fyller kroppen
med gode kjensler
og eg kjenner eg vil ha meir, mykje meir;
måtte denne konserten aldri ta slutt!



#musikk

Eg elskar å høyre på musikk, og denne helga skal eg på ikkje mindre enn fire konsertar! Eg reknar med eg kjem til å vere ganske 'sundrista' innvendig etterpå, men på ein god måte... Dei fire banda heiter: Downhere, Sarepta, Rush of Fools og Hawk Nelson. Fire band eg likar veldig godt, og no er dei altså her i Rogaland, alle saman på ein gong! Bildet over tok eg i fjor, på same arrangementet (KRIK cup&konsert på Vikeså) og det er Kutless som er i aksjon. Denne helga er det fri flyt på endorfina!