onsdag 16. september 2020

Det vakre veks

det vakre kan vekse på tre
det veks her
i bakhagen, i skuggen, under falleferdige tak
der jorda er hardtrampa
og lyset aldri kjem til

det veks her
det spirer gjennom søppel og rask,
sprenger seg veg
gjennom bølgeblekk og knust glas,
lagar ein sti
frå den mørke molda og heilt opp

til lyset,
let seg ikkje knekke
av stormar    regn     alle som trampar forbi
berre veks og veks
og strekk seg, vinkar:

bli med
mot lyset!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar