tirsdag 18. juni 2019

Bøye seg

over alt ligg kjeldene til gleda
og ventar sine stille liv
på at noko skal hende -

at nokon skal bøye seg ned,
oppdage den vesle, raude blomen
så råflott og likeglad plassert
i denne stille delen av skogen
der ingen nokosinne går

her vil aldri noko auge fange lyset
og kjenne dei små strålane av glede
nå hjartet - frå akkurat denne blomen

slik står dei          millionar på millionar
av tause gleder og ventar
og kanskje er det du som slentrar forbi,
tek deg tid til å stoppe opp, bøye deg ned
kjenne lukta av fridom fylle organa -

kanskje er det du
som set gleda fri
og utan å vite det
gjer jorda til ein litt lettare stad å vere

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar