fredag 22. februar 2019

Kva veit du






kva veit du         eigentleg
om meg, seier desse orda
som ikkje passar saman
med det indre puslespelet

eg har leita i desse brikkene i snart førti år
og lagt på plass eit indre landskap
del for del
gjennom time på time med grubling og slit

det er ikkje gjort på ein liten time
å kartleggje landskapet -

kva veit vel du
om alle bitane eg har måtte endre på
og kor mange gongar eg har forandra på motivet
for at ting skal henge saman?

kva veit vel du
om alle tårene eg har brukt som lim
og som no ligg som betongballast
langs kjølen

kva veit vel du
om frykta som stadig trampar
           med altfor store sko gjennom hjartet
og riv ned dei sirlege stillasa 

ja, kva veit vel du -
og kva veit vel eg om dine kampar, dine brikker
din veg fram til hit -


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar