onsdag 20. mars 2019

Vil synge



noko vil synge
på botnen av dette mørket,
gjere alt bra att
og løfte lyset oppover        heilt over
kanten,
der strålane kan danse til musikken
og farge verda
i nye fargar

ja, noko vil synge
noko djupt her inne
under alt det tunge, alt det grå, alt
som pressar imot
ligg ein song og ventar
på soloppgangen
eg veit vil kome


lørdag 16. mars 2019

I det uendelege



i det uendelege
ligg uante sjansar
til å oppnå det umoglege

for ingen kjenner grensene
til universet
ingen veit kor tida stoggar
eller orda tek slutt

det er i dette, i denne erkjenninga
det vert mogleg å fjerne seg
frå eigne skylappar
og innøvde tankesett

la seg flyte over djupa
vere eit barn
i alle ting
stille spørsmål til skaparen
og opne hjartet
for overraskande svar



onsdag 13. mars 2019

Rekneskap



det er desse tårene
me skal gjere rekneskap for
den dagen snøen smeltar
og auga kan sjå noko vekse
der døden drog kappa si over marka

rekneskapet vil bli hardt
for me har harde hjarte
og viljen er vrang
og orda er som istappar
frå bergnabbane i sjela

og tala i rekneskapet
vil truleg ikkje stemme,
for me bokfører ikkje alt me veit -

me skriv dei raude tala
med så lita skrift me kan
i håp om at sola skal smelte blekket
saman med isen
og late alt renne ut og vekk

så rekneskapet vil bli hardt
for oss som lurar oss unna
våre eigne liv


fredag 22. februar 2019

Kva veit du






kva veit du         eigentleg
om meg, seier desse orda
som ikkje passar saman
med det indre puslespelet

eg har leita i desse brikkene i snart førti år
og lagt på plass eit indre landskap
del for del
gjennom time på time med grubling og slit

det er ikkje gjort på ein liten time
å kartleggje landskapet -

kva veit vel du
om alle bitane eg har måtte endre på
og kor mange gongar eg har forandra på motivet
for at ting skal henge saman?

kva veit vel du
om alle tårene eg har brukt som lim
og som no ligg som betongballast
langs kjølen

kva veit vel du
om frykta som stadig trampar
           med altfor store sko gjennom hjartet
og riv ned dei sirlege stillasa 

ja, kva veit vel du -
og kva veit vel eg om dine kampar, dine brikker
din veg fram til hit -


mandag 18. februar 2019

Liv etter frosten


denne songen er den første
dette håpet er det største -

---

som eit nyfrose tre
eg bøyer meg ned

tek imot kvart mumlande ord
kjenner sorga kvile på snødekt jord;

at eg levde, at eg pusta at eg for
utan å setje eit einaste spor

at eg song at eg drøymde at eg var
som ein stridig knute hos han som bar

så var det noko som løyste seg opp
ein tinande stråle av sol mot ein kropp

som ikkje lenger levde, var til
for songen i hjartet var dørgande still

og varmen tok tak, og orda var linne
noko byrja å vekse, å spire der inne

i hjartedjupna du planta eit frø:
eg skal atter få leve, du valde å dø

for oss frostige, stridige sjølvgode tre
steig du like inn i dødsriket ned

stod opp att i velde, som den klaraste stjerne
tinte frosten og skamma som gleda fekk fjerne

og planta på ny denne songen, den første
eg syng den for Deg, du som lindra all tørste!




tirsdag 12. februar 2019

Bakanfor fasaden



sjølv om kveldslyset er borte
og natta sig utover fjorden
heng skuggane endå att
i dei mørke krokane
der me ikkje går

bak alle vindauge
pustar det hjarte,
bankande mot stilla
som om denne dagen vert annleis
enn alle andre

bak alle dørene
ventar hender på klarsignal
eit ord, eit glimt
av kjærleg nåde

kanskje fottrinn mot brusteinen
varslar om eit nytt lys
over horisonten;
ein ny sjanse
til å sprenge fasadane
og stige ut
som nye menneske


onsdag 30. januar 2019

Mitt sintaste dikt nokosinne










#smerte
Eg såg ein film på søndag, om to syriske jenter som vart brannskada i eit bombeangrep. Det er få ting som går djupare inn på meg, og diktet er skrive i sinne. Eg avsluttar med ei bøn. Det er menneske som drep, og eg tykkjer synd på dei også. Det er noko fundamentalt galt hos menneske (eller systemet rundt menneske) som kan drepe andre menneske og øydelegge liv på denne måten.


mandag 7. januar 2019

Laos 1 & 2



#om ufyselege handlingar

Krig består av ei rekke ufyselege handlingar. Dei aller fleste har mykje imot krig, og det er vel blant dei tinga me har minst lyst å komme ut for. Likevel finst det også handlingar i krig som set "vanlege" krigshandlingar i skuggen. Blant desse er til dømes nazistane sine dødsleirar under 2. verdskrigen, masseutryddingane i Jugoslaviakrigane eller kor dei sivile i Jemen, i vår eiga tid, vert ramma på verste vis. 

I går lærte eg om ei anna slik handling, som er tvers gjennom ufyseleg i all sin gru. Under vietnamkrigen på 60-talet hende det at dei amerikanske pilotane ikkje rakk å sleppe ut alle bombene dei hadde med seg over Vietnam, før dei måtte forlate luftrommet. Dei hadde lang veg tilbake til basen, så for å lette flyginga, slapp dei ut lasta ... over jungelen heilt nord i Laos. Menneska i dette området lir fortsatt under denne grusame handlinga. I dei store jungelområda ligg det tusen på tusen av udetonerte klasebomber, og gjer området så å seie ubrukeleg. Dermed kan dei ikkje utvide jordbruksområda sine, og er, nesten 60 år etter krigen, tvungne inn ein slags stillstand.

Det er ikkje lett å ta inn over seg at slike ting kan me menneske gjere mot kvarandre.







fredag 4. januar 2019

Vinteren kryp inn







som eit stille ord       beskjeden
utan krav eller press
legg vinteren sitt mjuke teppe
over landskapet

kapslar oss inn
i lukta av fråvær, lukta av reinleik

let oss trø med altfor tunge sko
på sitt stødige hjarte,
kryp inn gjennom auga       ei
motyting
for dei mørke kveldane, duse vindauga
tause kjøkkenkrokane
der me kan puste ut, kvile oss
til våren igjen tek tak
og ristar fart i verda