mandag 24. desember 2018

Himmelskipet #24

så opnar skaparen auga
frå innsida av sitt eige verk

studerer verda med nye auge
utan den naturlege nærleiken
Han kjente frå det evige

eit nytt filter
avgrensa av kjensler og nevron
vert lagt over auga

hjartet pumpar livet i kroppen
og fyller den med nye erfaringar
gjennom auge øyre hud og smak

-

så er skaparen på innsida
i gang med å lage ein sikker veg ut
for alle



søndag 23. desember 2018

Himmelskipet #23

ei reise frå himmel til jord
i eit skip me ikkje kan sjå –

gjennom elektromagnetiske straumar
og naturlover,
på tvers av det moglege
tilfører du verda deg sjølv

for oss er det ufatteleg
så me seier: du kom til jorda
skjønt det at du reiste frå noko
truleg er eit større offer
enn det du kom inn i

så la du himmelskipet til kai
i vår skadeskotne verd
og steig i land
som den svakaste av dei svake

-

då du reiste attende til ditt rike
utanfor tida
let du skipet stå att – som ei redningsbøye
me kunne klatre om bord i
og fylje etter gjennom ukjente farvatn



lørdag 22. desember 2018

Himmelskipet #22

alle puslespelbrikkene må passe saman
skal bildet bli heilt
det nyttar ikkje å lage ein kjetting
med manglande ringar midt på –

å arrangere sin eigen fødsel
krev heilt andre ting enn det som er logisk

eit esel
ein snekker
ei ung jente med store draumar
og ukueleg livsmot
ei reise
ein stall
eit nøyaktig samantreff
            av dei rette himmellekamane
og ein flokk fattige gjetarar
som vitne til det heile

kanskje ville me gjort det annleis
men det fungerte –



fredag 21. desember 2018

Songen








Himmelskipet #21

den rette tida
mellom skaping og undergang
er for deg eit punkt på ei linje
og alle andre punkt kjem før eller etter

for oss
er tida ein elvestraum
gjennom universet;
riv oss med
            ustanseleg og vill

alt me passerer
på vår eiga reise
gjennom rommet
er den rette tida – her og no

det større perspektivet
der du held begge endar
av tidslinjestykket
er eit mysterium for stort til å fatte

for stort
til å protestere


torsdag 20. desember 2018

Himmelskipet #20

bodberar med ord om håp
syng din song no, i natta!

syng desse orda
som smeltar sinnet
let fortvilinga fly ut i natta
på luftige vengjer

syng no, profetar
om dagar som kjem – dagar
timar og minutt og – år
med gleda som ein dansande melodi
i auga

å syng, no, å – dans!
kom med dei gode orda, glimta
frå ei anna verd
om frelse og utfriing og

håp        ja
-          håp     -        !

i alt det håplause



onsdag 19. desember 2018

Himmelskipet #19

Skaparen har ein plan
skjult for oss i vår blinde naud
her er mysteriet skjult       det heng eit teppe
mellom tronerommet og oss

me ser skuggar og vage refleksjonar
me ser historia som tikkar gjennom rommet
og våre stille protestar
talar til døden sine døve øyre –

men bak teppet bankar eit hjarte
ein utrøysteleg kjærleik brenn i auga;
ein Skapar som lengtar
så hjartet vil breste

og planen, den einaste vegen
mot soning, forsoning, fellesskap
veks fram
alt før dei første protona fanst til –



tirsdag 18. desember 2018

Himmelskipet #18

ein lengt etter vatn
i den tørre ørkensanden

her sit ei mor og ser
sine eigne barn
svelte i hel
medan sola brenn

ingen håp om redning
er i sikte

ville ho ikkje utan å nøle
ofre sitt eige liv
om ho visste
            for sikkert
det ville gjere ein forskjell

og berga liva
til dei små?

endå de er vonde, seier Skaparen
ville de gitt og gitt
kvifor skulle då ikkje eg -


mandag 17. desember 2018

Himmelskipet #17

livet i det aude landet
er eit liv i minimumsmodus

gledene kjem i porsjonar
og kjærleiken kjem
med mørke baksider

godviljen har sin motsats
i uviljen, og gniaren
er den gåvmilde sida – om natta

alle utvegar er samtidig ein blindveg
og alle stiar me går
endar til slutt
i molda


 

søndag 16. desember 2018

Himmelskipet #16

så er porten stengt
for alltid

vegen attende
er ein veg som ikkje finst

kvar minste sti me må trø
er ein sti som fører lenger vekk

lenger ut lenger ned
lenger inn
i mørket –

tankane klabbar seg til
vert ei tåke mellom oss
og verda

berre dette vesle ordet, løftet
om ein som skal knuse mørket
ber oss fram


 

lørdag 15. desember 2018

Himmelskipet #15

det store fallet
me aldri vert ferdige med
set sine spor
langt inn i draumar og lengslar
håp og kjærleik og ord om fred

det store vegvalet
der lyset måtte vike for mørket
og me alle vart leia inn på ein veg
me aldri kjem oss vekk frå
utan gjennom død og eld
og fortaping

konsekvensar
ikkje snakk om konsekvensar
for me kjenner dei alle
så inderleg vel
på kroppen – spora
av alle våre mislukka forsøk
på å bygge opp att brua som brann

alle våre nederlag alle våre sukk
mot den tause stjernehimmelen

og spørsmålet
som brenn på botnen av hjartet;
har du for alltid støytt oss bort –