fredag 9. november 2018

Noko var innom




kanskje kan me knuse
denne draumen
at noko verkeleg var der;
            at der var ein sommar
            at der var        noko
nytt, som liksom passa inn
endå me ikkje visste kva det var

kanskje kan me knuse draumen
og viske ut minnet –
men kvar celle i kroppen        vil hugse


lørdag 3. november 2018

Det vesle mennesket




mellom dei høge fjella
slår me djupe røter,
feste mot regn og ras og vind
i dette ugjestmilde terrenget

her er me
dei små menneska
i møte        med det store skaparverket

det er ein snodig symbiose
me lever i – avhengige og frie
underlagt lover me ikkje rår over
og med skeivfordelt makt –

den parten som kan øydeleggje det heile
er den einaste parten
som ikkje kan leve aleine –