fredag 26. oktober 2018

Unnskyld du




eg har litt dårleg samvit i dag
og veit ikkje kva eg skal seie
for å forklare deg
kva som skjedde

det var ikkje ei viljeshandling
det kom ut av det blå
like overraskande på meg
som på deg

du kjenner deg kanskje forlaten
eg kan forstå det
og eg kjenner på ansvaret
det tyngjer og klemmer om hjartet

men eg kan ikkje snu
eg kan ikkje gå tilbake        til deg
alt er omsnudd og alt er nytt
når eg no har funne meg ei ny

favorittbok



fredag 19. oktober 2018

Eit pusterom




det er midt i livet me treff kvarandre
der kvardagane kryssar sine eigne spor
på vegen        mot noko anna
som ventar der framme

akkurat der mitt spor går
og ditt spor går        tilfeldigvis
på same staden
og me kan slå av eit smil
og litt prat

for livet er både eit rom og ei dør
som leier oss vidare
inn i nye handlingar
og ved veggen står ein sofa
som kanskje vert brukt
litt for sjeldan





lørdag 13. oktober 2018

Fjord/Bru




mjukt vandrar du
i dette framtidslandskapet
av draumar håp og ord
som kan byggje bru
mellom våre tusen øyer

det er ein annleis meg
som studerer deg no,
ein annleis meg som vinkar
frå ein av mine mange holmar

og du har andre auge
dei har endra seg i takt med inntrykka,
for det bur andre og endra visjonar
i hjarta våre – tida har drive oss vidare
i fjordstraumane

likevel er me dei same
likevel er brua mellom auga
merkeleg kjent
likevel finn orda du seier
gjenklang i mine eigne djup –

for me er annleis no
tida og lyset og vindane
har endra oss, flytta oss rundt
gitt nye perspektiv;
men brua mellom hjarta
blikka mellom sjelene
er som då me var her
for første gong