torsdag 2. august 2018

Soleiebarn #16




om vi var så små
at soleie-enga vart ein urskog,
ein jungel vi må kjempe oss gjennom
på veg mot felles mål

ville dei tusen solene
vore lyskastarvener –

ein kaskade av gult
flommande gjennom håret
og verda vart forvandla
til gull



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar