eg
er ikkje fange her inne
i
min eigen draum
om
ein draum
for
fridomen
er malinga på veggane
fridomen
er teppene på golvet
fridomen
er møblane eg flyttar på
kvar
gong hjartet må takle eit svik –
no
er det berre orda
som kan svikte meg
for
orda er veggane
rundt
denne lufta som også er fridom;
eg
pustar fridomen
og
tenkjer på deg –
du
som er der ute
på
andre sida av orda mine
og
aldri vil kunne sjå
denne draumen om ein draum
om
fridom
Maleri: Nenad Ignatic
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar