torsdag 26. juli 2018

Soleiebarn #9




i fellesskapet må du ytre
dei riktige orda,
utføre dei riktige handlingane
mot dei riktige menneska
til riktig tid

alltid til riktig tid

fylle normen
til siste punktum
vere ei dominobrikke blant dominobrikker

viss du fell
vil også fellesskapet falle



mandag 23. juli 2018

Du opna eit landskap i meg #1




kjærleiken –

ja,
kjærleiken
og lengten
og håpet
og draumen

og
du

kor alt flyt saman
som ein fjordarm
innover i hjartet,
leitar seg fram til ukjente krokar
i eit landskap eg ikkje kjende
før kjærleiken, lengten og håpet
og draumen og du
flytta inn 



lørdag 21. juli 2018

Soleiebarn #6




kvervlande tankar rundt dette eine
mysteriet;
at vi er ei menneskemengde
av kulørte sjeler

at huda vår skimrar fargesprakande
vakker som ein symfoni;
varme mjuke hudceller
over det raude, bankande blodet

under huda er vi alle nakne
bygde opp på same måten
av den same
altoppslukande
lengten
etter
kvarandre