fredag 22. juni 2018

Eit ord i ørkenen




eg såg ordet
opne seg mot verda
det opne ordet
midt i ei ørkenstille verd

nake og lite
falt ordet til bakken
uttært og ynkeleg
i si leiting etter ein heim for tanken

eit øyre det kunne bu i

i ei verd av stein og sand
var ordet ein oase,
endå ope, endå friskt, endå
            glødande vakkert
for dei som våga å høyre




3 kommentarer: