tirsdag 19. juni 2018

Dei tause barna




utanfor mi eiga komfortsone sit
ei einsam jente
på ein benk i eit bur

auga lengtar etter varme
huda lengtar etter trygge hender
kroppen frys

sjela frys

rundt står skogar av soldatar
og byråkratar
med våpen og nøklar
og attstengde hjarte –

kven stengjer barna inne
som dyr
kven vrir om nøkkelen – seier
god natt på eit framand språk
– kven orkar møte eigne auge
etter dette –




#hjarte

Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.  Slik står det i ordspråka i Bibelen, og det er eit ordspråk eg gjerne skulle delt med alle byråkratar og politikarar og militære i USA akkurat no. I går kunne vi lese i avisene at USA dei siste månadane har skilt nærare 2000 barn frå sine foreldre etter at dei har kryssa grensa til landet ulovleg. Dette er ein umenneskeleg politikk, og eit overtramp av dimensjonar. Historia kjem til å døme Trump-administrasjonen for dette. Likevel - det hjelper så lite å sjå dette i eit historisk lys, all den tid styresmaktene øydelegg tryggleiken og tilliten og behovet for sine foreldre hos så mange barn. Akkurat no. Heldigvis er der no sterke stemmer som tek til motmæle. Eg ber om at dei må vinne fram - i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar