lørdag 19. mai 2018

Transkripsjon av ein legosong*



opp i lufta
liggje og sove
lande på beina
eller på hovudet

viss du vil bli med
opp i lufta
så skund deg å bli med

alle menneske
skal opp på scena
og denne
den skal stå bak

men ikkje du tjuven
eg har bestemt meg
du skal ikkje opp på scena

opp opp opp på scena
når du dansar kan du vere fri
vi er hekta på musical.ly

når vi dansar
vert vi så spreke
tusen takk for oss





*Dei to jentene mine sat ved bordet og leika med lego i går, og då er det alltid mykje synging. Teksten i dette diktet er ei direkte nedskriving av ein del av songen som dei spontant dikta medan dei leika. Ikkje uventa kom det med ei linje frå "Pop Drop Dab"...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar