mandag 7. mai 2018

Prærie



dei aude slettene
der orda ikkje finn feste,
prærien strekk seg ut
            mellom alt vi ikkje får sagt

alle uutforska område,
våre kvite felt på relasjonskartet

så vi set oss ned, auge mot auge
legg ein reiseplan
steg for steg utover
for å utforske terrenget –


7 kommentarer:

  1. Beautiful picture. The composition is wonderful.

    SvarSlett
  2. Hei
    Eg har linka til deg og det flotte 8. maidiktet ditt i blogginnlegget mitt i dag.
    Håpe det er OK.
    helsing Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er meir enn ok! Fint at du likar det!

      Slett
  3. What a beautiful photo! It looks so serene with that wonderfully cloudy sky.
    Thanks for sharing.
    Kay
    An Unfittie's Guide to Adventurous Travel

    SvarSlett