torsdag 17. mai 2018

Her kjem vi



under ei fane
med namnet til landet
under eit flagg,
fordi at vi kan det

under ein tone
som bankar i hjartet
under eit fjell
som gjer auga vårt bjarte

under eit ord
om samspel og fred
under eit ynskje;
at krigshat går ned

her kjem vi
gåande, syngande
jublande fri;
            fagert er landet
og landet er vi!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar