fredag 18. mai 2018

Ein pust på nasjonaldagen



kvar einaste meter ligg lagra
i skosolane
som ei skrustikke som sakte
festar grepet

og varmen trengjer inn til huda
varmar alt innanfor ullkleda
til termostaten burde slå seg ut
utan å gjere det

det einaste som hjelper då
er ein pust i bakken,
nokre minutt i stille ettertanke
og lite press
på føter og hud

og næringstilgangen?
på slike dagar
er chips det same som potet
is det same som vatn
og pølse det same som fisk –


6 kommentarer:

  1. Beautiful photo! The little one seems to be having a snack while she rests. Excellent light and shadow.

    SvarSlett
  2. Nice composition with the child, thanks for sharing :)

    SvarSlett
  3. Great capture.

    Visiting from BLACK AND WHITE WEEKEND.

    FRANKLY MY DEAR

    SvarSlett
  4. What a wonderful piece of life. Nicely composed shot.

    SvarSlett
  5. A beautiful photo, thank you for sharing it with us.
    Kay
    An Unfittie's Guide to Adventurous Travel

    SvarSlett