onsdag 30. mai 2018

Eit kjølig hjarte #2



som ein usynleg pust
svevar Anden over ørkenlandskapet

kjenner dei knuste ruinbyane ved namn
og kjeldene som ikkje lenger gir vatn

flyr over avsvidde skogar,
sletter og fjell
fyller dei tomme katedralane
            med lys

puslar saman attgløymde vrak,
reiser opp det som har falt saman

som ein usynleg pust
kjem Anden med regn over ørkenen

pustar liv i tomme auge,
let gatene fylle med song –


Eit kjølig hjarte #1


søndag 27. mai 2018

Det golde



sakte et det seg innover
som eit sakterullande teppe
oppover frodige landskap
over blomar og gras
tre og buskar
framover
heile vegen framover
til landskapet er goldt og tørt
og blomane visna fossil
ingen nokosinne vil finne

slik et forfallet om seg
medan vi speidar mot horisonten
etter regn


torsdag 24. mai 2018

Tjuven



her går han
med nesten jamne steg
og blikket nestenikkjeflakkande
bortover gata, nedover bakken
forbi menneske og blikk
som ikkje kan vite
om skjulte skattar
like ved hjartet,
dette som ikkje er hans
og likevel hans – meir intenst
enn noko anna – mykje meir hans
enn andre vil kunne forstå

her går han
med brann i blodet
og hendene brenn
alt brenn
            så intenst
alt brenn –

og tankane endrar seg no –
det heiter ikkje lenger
vi
han er – blitt – ein av
dei
ein av
            dei andre –