mandag 16. april 2018

Mot trea



så er du eit menneske
du pustar du tenkjer du er
eit menneske med beina ned
på denne underlege kula
vi kallar heim

så er du det store mennesket
med alle dine planar
og håp for framtida og minne
om det du har gjort
eit menneske i denne underlege straumen
vi kallar tid

så er du det vesle mennesket
mellom fjordar fjell og tre
som i all sin ro
ikkje bryr seg
om alle dine planar
eller alle dine håp

kanskje burde du
måle deg mot trea
mot fjella eller stille deg opp
ved den djupe fjorden
senke skuldrene og tempoet
og puste inn denne vissa;
så er du eit menneske
skapt til å elske i det stille


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar