lørdag 21. april 2018

Flokken



heile skogen står i vegen
alle fjella er ein mur
heile flokken kjem susande inn
fyller himmelen frå rand til rand

eg får knapt puste
kjenner hjartet mitt banke vilt
når eg ser alle desse, heile denne
flokken;

men inni der
bankar det eine hjartet,
flyt det eine par vengjer på vinden
i si eiga verd

hadde eg møtt auga
kjent varmen frå dette eine hjartet
hadde eg kanskje tenkt annleis

det er så vanskeleg å hugse
at ein heil flokk
består av slike som meg sjølv


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar