fredag 20. april 2018

Felle ein draum



ingen får komme her
og hogge ned
draumane mine

skal dei velte til jorda
i skuffa fortviling
skal dei fellast og kløyvast
av meg sjølv

eg deler ikkje denne gleda
eller sorga
med nokon


4 kommentarer: