mandag 5. mars 2018

Fantomsmerte



vekta av deg i armane mine
medan eg bar deg rundt
dei nettene du vakna - skrikande
ei uro som måtte finne svar
hos meg

vekta av deg i armane mine
dei dagane du sovna
medan eg heldt deg tett inntil
og det var berre du
i heile verda

vekta av deg når eg lyfta deg
opp frå vogga, opp frå golvet, opp på stellebordet
bleie av bleie på
og så lyfte deg ned att, ut
på ein ny ekspedisjon – bort frå meg

vekta av saknet i hjartet mitt
er ei fantomsmerte, tilsvarande stor
vekta av det tunge, sovande hovudet ditt
mot brystkassa mi


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar