fredag 9. mars 2018

Eit rom for sorga



inni kroppen min
bur sorga
på hemmeleg adresse

låste dører
avstengde vindauge
sperra område

kvar nye kjensle av avmakt
forviser eg dit,
og dyttar att døra –

det tek krefter, for veggane bular
og alt trugar med
            å komme veltande fram




3 kommentarer:

  1. What an interesting image! I like the patterns made by the overlapping shapes.

    SvarSlett