fredag 30. mars 2018

Over isen



hjartelengten over djupet
er eit springbrett
for dei store draumane,
dei som snirklar seg som røyk
under isen
under vatnet
under botnslam og sjølve grunnfjellet

der nede
i dei varme straumane
kan dei vekse seg formidable
og finne si form,
før dei igjen stig som bobler
mot overflata
sprengjer seg opp gjennom isen
og fløymer inn som ein vår
over auga



Sofagris


fredag 23. mars 2018

Det stal fargane


alt tok det med seg
då det steig til overflata
trakk inn alle smila og gleda –

tok med seg draumane
og framtidstrua

det stal mønster, konturar
og alle nyansar

det tok alt vi var glad i
og alt vi gleda oss til
og alle minne om dagslys

det bana seg veg
gjennom støvtung luft
i øyregongar og hjernevinningar
heilt opp til overflata
av medvitet

der stal det alle fargane
og slo seg ned
som verdas dårlegaste substitutt –


torsdag 22. mars 2018

Fuglehjarte

på ei grein
langt inne
i den store skogen
sit ein liten fugl

kva drøymer du om, fuglen?
spotlight og jubel, rikdom
makt?
eller tenkjer du på opprør
at noko må skje
noko nytt –
kanskje drøymer du
om lange reiser
eller det rolege familielivet

det er eit mysterium
og vil alltid vere skjult
det som bur der inne
i ditt bankande fuglehjarte