onsdag 7. februar 2018

Jeger jeger




det er ei stille banking rett under huda, fingeren på avtrekkaren, løpet retta mot dyret i skogkanten, auget i siktet, skogen ligg stille, berre ei stille blafring i dei siste lauva – dei som vart gløymt av hausten og oversett av vinteren, dei einslege, einsame siste

auget dirrar ørlite, huda rundt kviler mjukt mot kikkertsiktet, fingeren er krumma om den siste skiljelinja mellom liv og død – her ligg makta i verda, i valet mellom dei ørsmå nervesignala frå hjernen, anten stramme, trekkje, la døden flyte som ei elv over marka og inn i det framande livet, eller slappe av, la fingeren bli retta ut – kjenne livet i eigne årer renne rundt i dei tynne motorvegane frå hjartet

der startar livet, der sluttar det, alt som ligg mellom er midlertidige resonnement –

så er dei to i denne stunda, eller tre – jegeren som ventar, jegeren som ikkje veit og hjartet, som så ofte går sine eigne vegar og må styrast inn dit der det naturlege livet lever – kanskje er det i denne stunda at livet er mest verkeleg, og om jegeren let løpet falle og ser den framande kroppen tusle inn i den store skogen – som om ingenting stod på spel – vil sjølve livet endre farge

det er dette det handlar, det å vere menneske – det er vala som avgjer kven vi er –



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar